Rockin' at the Hops er det fjerde studioalbumet til rock and roll-pioneren Chuck Berry, utgjeve i juli 1960 på Chess Records. Med unntak av fire spor, «Down the Road a Piece», «Confessin' the Blues», «Betty Jean» og «Driftin' Blues», var songane tidlegare gjevne ut på singlar.
Songar Den første singelen frå Rockin' at the Hops var «Childhood Sweetheart» i lag med «Broken Arrow», som kom ut i september 1959. Den andre singelen var «Let It Rock» i lag med «Too Pooped to Pop», utgjeve i januar 1960; A-side nådde 64. plassen på Billboard Hot 100, og B-sida nådde 42. plassen på Hot 100 og 18. plassen på R&B Singles-lista. Dei to siste singlane - «Bye Bye Johnny» med «Worried Life Blues» (utgjeven i mai) og «I Got to Find My Baby» med «Mad Lad» (utgjeven i august) — gjekk ikkje inn på listene.
Innhald
Medverkande Chuck Berry — vokal, gitarar Matt «Guitar» Murphy — elektrisk gitar Johnnie Johnson — piano Willie Dixon— bass Fred Below, Ebbie Hardy — trommer The Ecuadors — korvokal L. C. Davis — tenorsaksofon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rockin' at the Hops» frå , den 4. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkalbum frå 1960 Kategori:Chuck Berry-album Kategori:Album produserte av Phil Chess Kategori:Album produserte av Leonard Chess Kategori:Chess Records-album Kategori:Engelskspråklege album