Okra (Abelmoschus esculentus) er ein planteart i kattostfamilien. Han stammar truleg frå tropisk Afrika, men blir i dag dyrka i ei rekkje tropiske, subtropiske og tempererte område. Okra blir brukt som grønsak, til tauverk og til medisinske føremål.
Skildring mini|venstre|Okrablome Okraplanten er ein urteaktig plante som blir opptil 3 m høg. Blada er store og breie. Kapselfruktene har femkanta eller sylindrisk tverrsnitt. Dei er gråaktig grøne med kvitt fruktkjøt og kvite frø. Okra blir brukt i salatar eller som grønsak.
Bruk mini|venstre|Okra blir mosa for å brukast i senegalesisk soupou kandja. Heile planten kan etast om ein ser bort frå dei vedaktige stilkene. Det er vanlegvis frukta som blir brukt til mat, men også blad, blomar, spirer og frø kan brukast i matlaging. I afrikansk matlaging blir både fersk og tørka, malen okra brukt. Okra kan kokast, steikast, forvellast eller marinerast.
Fibrane i stengelen kan brukast til framstilling av tauverk.
Næringsinnhald
Okra inneheld ca. 21 mg vitamin C, 303 mg kalium, 3,2 g kostfiber, 90 % vatn, 0,1 g fiett og 138 kJ tilført energi per 100 g eten vare.
Namn
Ordet «okra» kjem frå igbo . Andre namn på okra er «grønsakhibisk». På engelsk er han også kjend som gumbo, som også er namnet på ein cajunrett der ein bruker planten, og lady's finger. På ulike bantuspråk er namnet (ki)ngombo eller ein variant,gumbo, Oxford English Dictionary (1st ed.). Oxford University Press. 1933 og dette kan vera opphavet til namnet gumbo, via spansk/portugisisk quingombo.Okra, or 'Gumbo,' from Africa, tamu.edu
Okra blir gjerne kalla gombo på fransk, men er kjend som cabo eller lalo på Réunion, Haiti og Mauritius og calou i Fransk Guyana.
Han er kjend som bamya i Hellas, Tyrkia og Sudan, gnawia eller ganaouia i Algerie, Tunisia og Marokko, mloukhia i Marokko, darraba på lokal arabisk i Tsjad, nkui i Kamerun, dongó dongó i Folkerepublikken Kongo, fétri på ewe i Togo og poût barang (ពោតបារាំង) 'fransk mais' i Kambodsja.Pauline Dy Phon, វចនានុក្រមរុក្ខជាតិប្រើប្រាស់ក្នុងប្រទេសកម្ពុជា, Dictionnaire des Plantes utilisées au Cambodge, Dictionary of Plants used in Cambodia, ភ្នំពេញ Phnom Penh, បោះពុម្ពលើកទី ១, រោងពុម្ព ហ ធីម អូឡាំពិក (រក្សាសិទ្ធិ៖ អ្នកគ្រូ ឌី ផុន) គ.ស. ២០០០, ទំព័រ ៣៤៣-៣៤៤, 1st edition: 2000, Imprimerie Olympic Hor Thim (© Pauline Dy Phon), 1er tirage : 2000, Imprimerie Olympic Hor Thim, s. 1.
På hindi og nærskylde språk er grønsaken kjend som bhindi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Okra» frå , den 3. juli 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Grønsaker Kategori:Kattostfamilien Kategori:Tropisk jordbruk Kategori:Tropiske grønsaker