Ria Stalman, fullt namn Maria Geertruida Stalman, () er ein nederlandsk tidlegare friidrettsutøvar frå Delft i Zuid-Holland som vart olympisk meister i diskoskasting i 1984.
Aktiv
mini|venstre|Ria Stalman i 1982
Stalman tevla både i diskoskasting og kulestøyt, den siste øvinga oftast berre i nasjonale stemne. I tida 1973-83 vann ti nederlandske meisterskap i diskoskast og sikra seg åra 1976-83 fem nasjonale meistertitlar i kulestøyt. I 1978 vann ho diskostevlinga under den nordamerikanske studentmeisterskapen (NCAA).
Frå våren 1981 til våren 1983 forbetra Stalman den nederlandske rekorden i diskoskast ei rekke gongar, og med til saman i kring ni meter, alle gongane i anten Tempe eller Walnut i USA. Sist til 67,20 m i Walnut 24. april 1983. I OL-sesongen 1984 pynta ho på rekorden med få dagars mellomrom i juni, ho fekk målt 67,58 m i San Jose. Dagen etter sette ho også nederlandsk rekord i kule med eit støyt på 18,02 m. Men den store smellen kom 15. juli i Walnut, der ho under gunstige forhold smelte diskosen 71,22 meter. Fire veker seinare sikra ho seg gullmedaljen under sommarleikane 1984 i Los Angeles med eit bestekast på 65,36 m. Ho la opp etter 1984-sesongen,
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Nr 12 – 58,48 m VM 1983 i Helsinki: Nr 7 – 63,76 m OL 1984 i Los Angeles: Gull i diskos – 65,36 m, framfor Leslie Deniz (64,86 m)
Doping Vinteren 2016 fortalde Stalman at ho hadde brukt anabole steroidar i tida før OL 1984.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ria Stalman» frå , den 1. juli 2017. Denne artikkelen bygger på «Ria Stalman» frå , den 1. juli 2017.
World Athletics
Kategori:Diskoskastarar Kategori:Nederlandske friidrettsutøvarar Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Nederlandske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Folk frå Delft Kategori:Dopingsaker i friidrett