«Just a Little Bit» er ein R&B-aktig bluessong spelt inn av Rosco Gordon i 1959. Songen vart ein hit på både R&B- og poplista i USA og er blitt kalla «ein av standardane innan moderne blues». «Just a Little Bit» er blitt spelt inn av mange artistar, som Little Milton og Roy Head, som òg fekk ein hit med songen.

Bakgrunn «Just a Little Bit» vart utvikla då Rosco Gordon turnerte med West Coast blues-artisten Jimmy McCracklin. I følgje Gordon, byrja McCracklin å skrive på songen og gjekk med på at Gordon kunne skrive han ferdig og tilskrive han til begge to. Gordon presenterte seinare ein demoversjon til Ralph Bass i King Records, som visstnok viste lita interesse for songen. Gordon møtte så Calvin Carter i Vee-Jay Records, som gjekk med på å spele han inn. Samstundes gav Federal Records, ein etikett under King Records ut ein versjon av «Just a Little Bit» av R&B-songaren Tiny Topsy,Gordon recalled this as taking place in 1958; Billboard shows the releases in 1959. der låtskrivinga vart tilskriven Ralph Bass og fleire andre som var ukjende for Gordon. Tiny Topsy-songen, med eit popaktig arrangement, korsongarar og fløyte, nådde ikkje salslistene.

Rosco Gordon-versjonen Rosco Gordon sin «Just a Little Bit» vart gjeven ut seint i 1959 og gjekk inn på Billboard R&B-lista i februar 1960. Ei tidleg melding av songen skildra hans som «ein rumba-blues», som synte til «den lett skamfulle, byksande piano-stilen kalla 'Rosco's Rhythm'». Den originale Vee-Jay-singelen har Gordon som låtskrivar, men på seinare utgåver (og versjonar av andre artistar) er Bass og andre òg oppført som låtskrivarar. «Just a Little Bit» var den fjerde (og siste) Rosco Gordon-singelen som gjekk inn på R&B-lista, der han nådde andreplassen i løpet av 17 veker på lista i 1960.Whitburn 1988, s. 170. «Just a Little Bit» gjekk òg inn på Hot 100 på ein 64. plass, den einaste songen til Gordon som nådde poplista.

Påverknad og andre innspelingar I følgje musikkskribenten Steve Turner skal blåsarlinja i opninga av den originale Roscoe Gordon-versjonen ha inspirert Paul McCartney då han skreiv Beatles-hitten «Birthday». Fleire musikarar har spelt inn «Just a Little Bit». I 1965 nådde Roy Head topp 40 med songen og då Little Milton spelte han inn i 1969, nådde han 13. plassen på R&B-lista og 97. plassen på poplista.Whitburn 1988, s. 259. Andre innspelingar er: Them (i 1965 på albumet The Angry Young Them); Etta James (1967 Tell Mama); Magic Sam (1968 Black Magic); Elvis Presley (1973 Raised on Rock/For Ol' Times Sake); Rory Gallagher (1973 Tattoo). Jerry Lee Lewis (1974 Southern Roots); Slade (1974 Old New Borrowed and Blue); The Animals (1977 Before We Were So Rudely Interrupted); Joe Louis Walker (1990 Live at Slim's, Vol. 2); and Johnny Winter (1997 Live in NYC '97).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Just a Little Bit (Rosco Gordon song)» frå , den 23. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1959 Kategori:Bluessongar Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Vee-Jay Records-singlar Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Roy Head-songar Kategori:Etta James-songar Kategori:The Animals-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Them-songar Kategori:Rory Gallagher-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Slade-songar Kategori:Johnny Winter-songar Kategori:Little Milton-songar