Dana Zátopková (), opphavleg Dana Ingrová, var ein tsjekkisk spydkastar frå Karviná-Fryštát som tevla for Tsjekkoslovakia. Ho vart olympisk meister i spydkast i 1952 og europameister både i 1954 og 1958. Zátopková sin personlege rekord i spydkasting er på 56,67 m.

Aktiv mini|venstre|Zátopková under Sommar-OL 1952

Ingrová vart nummer sju i spydkastøvinga i London-OL 1948. Same hausten gifta ho seg med langdistanseløparen Emil Zátopek. Etter å ha vorte nummer fem ved EM 1950 vann Zátopková gullmedaljen i spydkasttevlinga under Sommar-OL 1952 i Helsinki. Med eit kast på 50,47 meter kopierte ho ektemaken Emil Zátopek som ein time i førevegen hadde vunne 5 000-meteren. To år etter Helsinki-OL vann ho nok ein gullmedalje i spydkast då friidretts-EM 1954 fann stad i Bern.

Den 1. juli 1958 forbetra Zátopková i Praha verdsrekorden med eit kast på 55,73 meter, 25 centimeter over den gamle rekorden. Vel sju veker seinare forbetra polske Anna Pazera verdsrekorden til 57,40 m. I august månad var likevel Zátopková i ei klasse for seg med sine 56,02 m då ho forsvarte EM-tittelen på Stockholm stadion. Ho avslutta medaljehaustinga med ein sølvmedalje under sommarleikane 1960 i Roma, slått med over to meter av Elvīra Ozoliņa frå Sovjetunionen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1948 i London: Nr 7 – 39,94 m EM 1950 i Brussel: Nr 5 – 41,34 m OL 1952 i Helsinki: Gullmedalje – 50,47 m, framom Aleksandra Tsjudina (50,01 m) EM 1954 i Bern: Gullmedalje – 52,91 m, framom Virve Roolaid (49,94 m) OL 1956 i Melbourne: Nr 4 – 49,83 m EM 1958 i Stockholm: Gullmedalje – 56,02 m, framom Birutė Zalogaitytė (51,30 m) OL 1960 i Roma: Sølvmedalje – 53,78, bakom Elvīra Ozoliņa (55,98 m)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dana Zátopková» frå , den 22. juni 2017.

World Athletics

Kategori:Tsjekkiske spydkastarar Kategori:Tsjekkoslovakiske spydkastarar Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Tsjekkoslovakia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960