Jacob Marcus Schawland Gram () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Trondheim.

Gram var son til ein kjøpmann i Trondheim, og var sjølv kjøpmann i heimbyen. Han representerte valkrinsen Trondheim på Stortinget både i 1833 og 1836, på Omframtstortinget 1836-37 og på Stortinget 1839. I 1830 var han sekretær i Protokollkomiteen og medlem i komiteen om kjøpstadskatten, og i 1836 og 1836-37 medlem i Protokollkomiteen. I 1839 var han formann i Desisjonskomiteen og medlem i Komiteen om brannvesenet i byane. Også til 1842-stortinget vart Gram vald, men sa frå seg valet.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Folk frå Trondheim