Ole Johan Olsen () var ein norsk hamne- og transportarbeidar frå Kristiansand som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1928-39.

Olsen var son til ein brannkonstabel. Frå 1898 arbeidde han i ei fiskeforretning i heimbyen. Deretter var han losse- og lastearbeidar frå 1910. Han var så forretningsførar for hamnearbeidarane i Kristiansand frå 1920 til han døydde.

Frå 1913 til 1937 var Olsen medlem i bystyret og formannskapet i Kristiansand. Han var elles medlem av skolestyret i byen og formann der i to år. Han var medlem av hovudstyret i Norsk Transportarbeiderforbund frå 1915.

Hausten 1927 vart han vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund, og sidan attvald tre gongar; heile tida for Arbeidarpartiet. I tida 1928-39 var han då på Tinget medlem 1928-30 i Post- og telegrafkomiteen, 1931-33 i Veg- og jarnbanekomiteen og frå 1934 til han døydde i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen. Før han vart fast tingmann var han varamann i tre periodar 1919–1927, to av periodane for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Vest-Agder og Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Lokalpolitikarar i Kristiansand Kategori:Ap-politikarar i Vest-Agder Kategori:Folk frå Kristiansand