Rikard Sverre Olsvik () var ein norsk skulemann og politikar frå Aure på Nordmøre. Han representerte Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1981 til 1993.
Olsvik var son til ein gardbrukar. I ungdomsåra gjekk han folkehøgskule og realskule. Han tok eksamen ved lærarskule i 1954 og underviste så på skular i Tustna og i Stangvik i åra 1955-64. Skuleåret 1964/65 arbeidde han i Sunndal kommune. Frå 1965 var han styrar ved Rindal barne- og ungdomsskule til 1981.
Olsvik engasjerte seg i og for Arbeidarpartiet, og var perioden 1960-63 medlem av både kommunestyret i Tustna og formann i skulestyret i kommunen. Sidan var han 1968-75 med i Rindal kommunestyre, med plass i formannskapet og toårsperioden 1972-73 også ordførar. Frå 1976 til 1983 var han medlem i Møre og Romsdal fylkesting, der han i 1980-81 var nestformann i næringsutvalet.
Ved stortingsvalet 1981 vart Olsvik vald til å representere Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet på Stortinget, sidan attvald i 1985 og 1989. På Stortinget var han den fyrste fireårsperioden medlem i Landbrukskomiteen. Deretter var han sekretær i Forsvarskomiteen i fem år, til han 8. november 1990 vart flytta over i Samferdselskomiteen, i samband med at Gro Harlem Brundtland tok over som regjeringssjef etter Jan P. Syse. Elles var Olsvik leiar av Fullmaktskomiteen frå 22. mars 1990.
Frå 1994 til -98 var Olvik ein av riksrevisorane. Han var elles på ny medlem 1995-99 i Rindal kommunestyre.
Olsvik døydde på sjukeheimen i Rindal.
Kjelder
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Ordførarar i Rindal Kategori:Ap-ordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Aure Kategori:Ap-politikarar i Møre og Romsdal