mini|Graver mini|Overgrodd mausoleum
Jüdischer Friedhof Berlin-Weißensee ('den jødiske gravlunden i Berlin-Kvitesjø') er ein jødisk gravlund i Berlin som vart opna i 1880. Det er den største jødiske gravlunden i Europa, og ei rad vektige personar er gravlagde på gravlunden. Det jødiske trussamfunnet og byen Berlin har gjort framlegg om å taka med gravlunden på UNESCOs liste over verdas kulturarv.
Historie I andre halvdelen av 1800-talet viste det seg at på grunn av den sterke veksten til det jødiske trussamfunnet i området ville gravlunden i Schönhauser Allee, som det jødiske trussamfunnet hadde brukt frå 1827, snart vera fullt belagt. Trussamfunnet kjøpte difor ein 42 hektar stor eigedom i den dåverande forstaden Weissensee. Ein arkitektkonkurranse frå 1876 gav ingen tilfredsstillande resultat, og planane måtte omarbeidast fleire gonger, før arkitekten Hugo Licht fekk oppdraget å utforme gravlunden. Lichts planer omfatta ein totalplan for gravlunden samt ei rad bygningar, ein mur og inngangsport. Arbeidet med gravlunden byrja i 1879, og året etter kunne han opnast.
I byrjinga var det berre enkle graver, men fort oppstod det også praktgraver for byens velståande jøder. Omkring 1900 hadde gravlunden eit areal på over 400 000 m2.
Gravene er ordna i 120 felt som har strenge geometriske former. Hovudinngangen ligg ved enden av Herbert-Baum-Straße. Ein ekstra inngang i den noverande Indira-Gandhi-Straße som vart opna i 1924, er i dag stengd. Det finst 150 000 graver på gravlunden. Det står store tre på større delar av området, og mange gravfelt er overvaksne med eføy.
I nærheten av den stengde inngangen i Indira-Gandhi-Straße vart det ved slutten av første verdskrigen kring 1917/18 anlagt eit eige æresfelt for falne jødiske soldatar.
Kjende personar som er gravlagde på gravlunden
Louis Lewandowski, komponist og kordirigent Josef Garbáty, sigarettfabrikant frå Berlin Berthold Kempinski, vinhandlar frå Berlin, namngjevar til Kempinski-hotellgruppen Eugen Goldstein, fysikar Rudolf Mosse, avisforleggjar Micha Josef Berdyczewski, forfattar og journalist Samuel Fischer, forleggjar, skipar av S. Fischer Verlag Hermann Tietz, varehusskipar Moritz Heimann, forfattar og journalist Theodor Wolff, forfattar og journalist Leo Baeck, rabbinar Stefan Heym, forfattar og politikar
Bakgrunnsstoff
Alfred Etzold, Joachim Fait, Peter Kirchner, Heinz Knobloch: Die jüdischen Friedhöfe in Berlin. Berlin : Henschel Verlag, 1991. ISBN 3-362-00557-8 Klaus Konrad Weber, Peter Güttler, Ditta Ahmadi (Hrsg.): Berlin und seine Bauten. Teil X Band A: Anlagen und Bauten für die Versorgung (3) Bestattungswesen. Berlin : Verlag von Wilhelm Ernst & Sohn, 1981. ISBN 3-433-00890-6 „Verfall oder Welterbe - Größter jüdischer Friedhof Europas wird 125“
Kategori:Berlin Kategori:Tyske jødar Kategori:Gravstader