Thodoris Zagorakis () er ein gresk politikar og tidlegare fotballspelar frå Kavala, som vart europameister i fotball med Hellas i 2004. Sidan 2014 er han medlem av EU-parlamentet.

Fotball Zagorakis spelte på heimlege AO Kavala frå 1988 til -92. Vinteren 1993 gjekk han over til det greske topplaget PAOK Saloniki. Etter fem år i PAOK vart han tidleg i 1998 overført til engelske Leicester City. Med Leicester spelte han ligacupfinale både i 1999 mot Tottenham og 2000 mot Tranmere, den fyrste enda med tap for Zagorakis, den andre med siger. Sommaren 2000 fekk han kontrakt med AEK Athen. Og var med å vinne den greske cupfinalen 2002. Sesongen 2004/05 var han så Bologna-spelar, før han avslutta den aktive spelarkarrieren med to sesongar i PAOK.

I åra frå 1994 til 2007 deltok Zagorakis i 120 landskampar og skåra tre mål, og var med det til 2012 spelaren med flest kampar for Hellas. Han var kaptein og sentral i rolla som defensiv midtbanespelar i det greske mannskapet som vann EM i fotball 2004 i Portugal, etter finalesiger 1-0 over vertsnasjonen.

Etter at han i 2007 la opp som aktiv fotballspelar, vart han styreformann i fotballklubben PAOK Saloniki til 2012.

Merittar Europameister: 2004 med Hellas Vinnar av den engelsk ligacupen: 2000 med Leicester City Gresk cupmeister: 2002 med AEK Athen Finalist i den engelsk ligacupen: 1999 med Leicester City

Politikk Ved valet til medlemer av EU-parlamentet i 2014 vart Zagorakis vald inn som representant for det liberal-konservative partiet Nea Dimokratia. I EU-parlamentet er han medlem i Kultur- og undervisningsnemnda.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Theodoris Zagorakis» frå , den 18. mai 2017.

eu-football

Kategori:Greske fotballspelarar Kategori:Greske politikarar Kategori:PAOK-spelarar Kategori:Leicester-spelarar Kategori:AEK-spelarar Kategori:Bologna-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004