Andreas Köpke () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Kiel. Målvakta vart europameister med Tyskland under EM i fotball 1996. Gjennom to periodar spelte han i til saman ti sesongar på FC Nürnberg.
Klubbspel Frå 1979 spelte Köpke fire sesongar på Holstein Kiel, deretter ein sesong på Charlottenburg og to sesongar i Hertha Berlin. Sommaren 1986 vart han overført til FC Nürnberg, og vart der verande i åtte år. Sidan var han sisteskanse 1994-96 i Eintracht Frankfurt og Olympique Marseille-spelar 1996-99. Til sist vakta han atter Nürnberg-målet i to år, før han la opp i 2001, 39 år gammal.
Landslagsspel Köpke fekk sin landslagsdebut våren 1990. Han var med i troppa til fotball-VM 1990 i Italia, utan å kome i aksjon på bana, ettersom Bodo Illgner spelte alle kampane. Både ved EM i fotball 1992 og VM 1994 var Illgner fast mellom stengene i det tyske målburet, og Köpke plassert på benken. Etter den sistnemnde meisterskapen vart Köpke det vanlege fyrstevalet i tida fram til 1998. Under fotball-EM 1996 stod han samtlege seks kampar i turneringa, og stoppa Gareth Southgate si straffe då Tyskland slo ut arrangørlandet England og gjekk vidare frå semifinalen etter straffeskyting. Meisterskapen enda med tysk triumf etter 2-1 mot Tsjekkia i finalen. Også i VM i fotball 1998 spelte han alle Tysklands kampar, ei turnering som enda med at laget vart slått ut i kvartfinalen. Oppgjeret vart samstundes den 59. og siste landskampen til Köpke.
Merittar Europameister: 1996 med Tyskland
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Andreas Köpke» frå , den 28. april 2017.
eu-football
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Nürnberg-spelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Eintracht Frankfurt-spelarar Kategori:Hertha Berlin-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998