thumb|Flatåsen skole, øvre bygg. Flatåsen er ein bydel som ligg sørvest i Trondheim kommune og grensar til Bymarka i vest, Huseby og Kolstad i sør, Tiller i aust og Byåsen i nord. Namnet «Flatåsen» kjem frå ein lokal gard som ligg i den nordaustlege luten av Flatåsen.
Den største barne- og ungdomsskulen i Noreg, Flatåsen skole, ligg på Flatåsen.
Bydelen består hovudsakleg av bustadområde, men har òg noko service- og næringsverksemd, mellom anna fleire matbutikkar, bilverkstad, segldukmakar, bakeri, frisørsalong, brannstasjon og lækjarsenter.
Buområda på Flatåsen heiter:
Kulsås Flatåstoppen Kolsåsen Høgreina Øvre Flatåsen Flatåsenget Nedre Flatåsen Buenget
Flatåsen ligg administrativt i bydelen Lerkendal.
Kategori:Bydelar i Trondheim