Jens Marcussen () var ein norsk skipsreiar og handelsmann frå Dypvåg i Aust-Agder, som representerte partiet Venstre på Stortinget i perioden 1916-18. Han var farfar til Jens Marcussen den yngre.

Marcussen var son til ein skipsreiar. Han gjekk Tvedestrands skule og arbeidde i åra 1875-80 i ulike forretningar i Arendal. Frå 1880 dreiv han ulike forretningar frå farsgarden Askerøy, som han overtok i 1882. Omframt handel dreiv han skipsreiarlag, med både seglskip og dampbåtar. På Gjeving sette han i gang med båtbygging, ein klemmefabrikk og eit tresliperi.

Frå 1910 til -15 var Marcussen ordførar i Dypvåg. Valperioden 1916-18 møtte han på Stortinget frå einmannskrinsen Holt, vald for Venstre. Elles var han formann eller medlem i ei rekke lokal utval i Dypvåg og i Aust-Agder, mellom dei likningsnemnda i Dypvåg og i fylkesskattestyret.

Kjelder Stortingsbiografi Gravminne

Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Folk frå Tvedestrand Kategori:Norske skipsreiarar