Tessa Worley () er ein fransk alpin skirennar frå Annemasse i Haute-Savoie. Ho har spesialisert seg i storslalåm og vart verdsmeister i øvinga i såvel 2013 som 2017. Både i 2011 og 2017 vann ho VM-gull i lagtevlinga med Frankrike, medan ho i 2011 sikra seg ein bronse i spesialøvinga storslalåm.
Worley har pr februar 2017 vunne elleve renn i verdscupen i alpine greiner i tida 2008-17, og alle 19 (11-4-4) pallplasseringane har kome storslalåm.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 2009: Nr 7 i storslalåm under verdsmeisterskapen i Val-d’Isère 2010: Nr 16 i storslalåm under Vinter-OL i Vancouver 2011: Gullmedalje i lagtevlinga, bronsemedalje i storslalåm under VM i Garmisch-Partenkirchen 2013: Gullmedalje i storslalåm under verdsmeisterskapen i Schladming 2015: Nr 24 i super-G under VM i Vail/Beaver Creek 2017: Gull i storslalåm og gull i lagtevlinga, nr 8 i super-G under VM i St. Moritz
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tessa Worley» frå , den 26. februar 2017.
Kategori:Franske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2010 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2018 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2022 Kategori:Folk frå Annemasse