mini|Sal av homøopatiske legemiddele i den amerikanske matvarekjeden Whole Foods Market. Homøopati (av gresk hómoios ὅμοιος, 'liknande', og páthos πάθος, 'sjukdom') er ein alternativ behandlingsmetode utvikla av den tyske legen og farmasøyten Samuel Hahnemann (1755–1843). Homøopatisk behandling byggjer på ideen om at likt behandlar likt, slik at eit stoff som forårsakar sjukdomssymptom hjå ein frisk person, vil kurere liknande symptom hjå ein som er sjuk.

Hahnemann meinte at den underliggjande årsaka til sjukdom var fenomen som blei kalla «miasmar», og at homøopatiske remediar kunne motverka miasmane. Remediane blei tillaga ved å tynna ut utvalde stoff fleire gonger i alkohol eller destillert vatn, før ein banka dei flere gonger mot eon skinnbibel, eller noko anna med liknande eigenskapar.Hahnemann S (1921), The Organon of the Healing Art (6th ed.), aphorism 128, ISBN 0-87983-228-2 Kvar fortynning med etterfølgjande banking skulle auka potenseringa til remediet. Ofte blei remedia fortynna så mykje at det ikkje var att noko av det opphavlege stoffet.Dynamization and Dilution, Complementary and Alternative Medicine, Creighton University Department of Pharmacology, retrieved 2009-03-24 Ifølgje Hahnemann skulle homøopaten velja remediar ved å konsultera særskilde oppslagsverk og vurdera pasienten sine symptom. personlege eigenskapar, fysiske og psykiske tilstand og livshistorie.Hahnemann S (1833), The Organon of the Healing Art (5. utg.), aphorisms 5 and 217, ISBN 0-87983-228-2

Forsking har vist at homøopatiske remediar er uten verknad, og at dei heller ikkje har nokon plausible verknadsmekanismar.Ernst, E. (2002), A systematic review of systematic reviews of homeopathy, British Journal of Clinical Pharmacology 54 (6): 577–82, doi:10.1046/j.1365-2125.2002.01699.x, PMC 1874503, PMID 12492603UK Parliamentary Committee Science and Technology Committee - Evidence Check 2: HomeopathyShang, Aijing; Huwiler-Müntener, Karin; Nartey, Linda; Jüni, Peter; Dörig, Stephan; Sterne, Jonathan AC; Pewsner, Daniel; Egger, Matthias (2005), Are the clinical effects of homoeopathy placebo effects? Comparative study of placebocontrolled trials of homoeopathy and allopathy, The Lancet 366 (9487): 726–732, doi:10.1016/S0140-6736(05)67177-2, PMID 16125589http://nccam.nih.gov/health/homeopathy Homeopathy: An Introduction a NCAAM webpage Omfattande studiar har vist at remedia ikkje er meir effektive enn placebomiddel, slik at einkvar positiv effekt etter behandling berre kan skuldast placeboeffekten eller normal læking frå sjukdom. Teoriane om korleis sjukdom, kroppen, stoff, væsker og løysingar verker kan motbevisast av ei rekkje oppdagingar innan biologi, psykologi, fysikk og kjemi i dei to hundreåra sidan dei blei lagt fram.UK Parliamentary Committee Science and Technology Committee - "Evidence Check 2: Homeopathy" Bruk av homøopati blir frarådd fordi det kan få pasientar frå å bruka effektive behandlingsmetodar mot alvorlege lidingar. Verdas helseorganisasjon (WHO) har åtvara mot å prøva å bruka det mot alvorlege sjukdommar som HIV/AIDS og malaria. Statlege rådgjevingsorgan som National Health and Medical Research Council i Australia, House of Commons Science and Technology Committee i Storbritannia og det sveitsiske innanriksdepartementet har kvar for seg konkludert med at homøopati ikkje verker, og anbefalt at praksien ikkje får økonomisk støtte. American Medical Association omtaler homøopati som kvakksalveri.

Utbreiing mini|Remediar ved eit homøopatisk apotek i Varanasi i India.

Trass motstanden er homøopati likevel temmeleg utbreidd i verda, og kan vera del av helsesystemet i fleire land. Det varierer frå land til land kor regulert praksisen er. Dei fleste stader treng ein profesjonell utdanning og lisens for å praktisera homøopati. I Tyskland må ein til dømes ta treårig utdanning for å bli homøopat. I Noreg er homøopat ikkje ein verna tittel og det finst heller inga godkjenningsordning. I fleire europeiske land kan nokre homøopatiske behandlingar dekkast av det offentlege helsevesenet, som i Frankrike, Storbritannia og Luxembourg. I andre land er det ikkje dekka, eller kan ikkje dekkast fordi ein krev vitskapleg prov på at behandlinga er effektiv.Slik som (som regel) i Austerrike: Private helseforsikringar kan tidvis dekka homøopatisk behandling.

Styresmaktene i India reknar homøopati som eit av åtte alternative behandlingsmetodar i landet, og har eit eige departement for ayurveda, yoga og naturopati, unani, siddha og homøopati (AYUSH) som ligg under Ministry of Health & Family Welfare. Det finst eit tilsvarande departement på delstatsnivå i Kerala.http://www.homoeoscan.com/2015/06/Kerala-AYUSH-department-Final-nod.html Ein må ha godkjend diploma i metoden og vera registrert på delstatleg eller føderalstatleg nivå for å praktisera homøopati i India.

Dei fleste homøopatar i Noreg er organisert i Norske Homeopaters Landsforbund.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Homøopati» frå , den 24. februar 2017.

Denne artikkelen bygger på «Homøopati» frå , og «Homeopathy» frå den 24. februar 2017.

Kategori:Alternativ behandling