Jørgen Henschien () var ein norsk fut, fødd i Øvre Eiker og død i Christiania, som møtte på Stortinget i 1827 og -28. Han var far til Johannes Andreas Henschien.

Jørgen Henschien var son til ein godsforvaltar. Sjølv tok han juridisk eksamen i 1815, og vart overrettsprokurator i 1818. Frå 1818 til 1843 var han fut i Nedenes, busett i Fjære. Åra 1843-58 var han fut i Nedre Romerike.

Henschien representerte Kongsberg på Stortinget i 1827 og på omframt-stortinget 1828. På det ordinære 1827-stortinget var han visesekretær i Lagtinget, og medlem i komiteen om gasjar, pensjonar og om kjøpstadskatten. I 1828 var han medlem i Lagtinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Norske futar Kategori:Folk frå Øvre Eiker