Johan Støa () var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Verdal. Han representerte Nord-Trøndelag og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1965 til han døydde.

Støa var son til ein småbrukar og skogsarbeidar. Etter framhaldsskule i 1927/28 arbeidde han på gard i Verdal til 1935. I tida 1935-56 var han sysselsett med skogs- og bygningsarbeid. Han var så fylkessekretær 1957-59 i Nord-Trøndelag Arbeiderparti. Frå 1959 var han tilsett i Verdal kommune, fyrst fire år som byggeleiar og deretter to år tiltakssekretær.

Støa var medlem av Verdal kommunestyre i tida 1948-67, ordførar 1964–67. Hausten 1965 vart han vald til stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag, attvald 1969 og -73. Han var medlem i Kommunalkomitéen 1965-71, Finanskomitéen 1971-72 og Kommunal- og miljøvernkomitéen 1972-73. Støa døydde straks etter stortingsvalet i september 1973, før det nye Stortinget vart opna. Steiner Kvalø rykte då opp på fast representantplass.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Folk frå Verdal