Dei strategiske rakettstyrkane (RVSN RF; Raketnye voyska strategicheskogo naznacheniya; ) er ei forsvarsgrein i det russiske forsvaret som er direkte underlagt Forsvarsdepartementet i Russland. SRF styrar Russland sine landbaserte interkontinentale ballistiske missil. Styrkane vart først danna som del av dei væpna styrkane til Sovjetunionen, og då Sovjetunionen braut saman i 1990-1991 vart namnet endra. Hovudkvarteret og militærstaben ligg i Vlasikha ZATO. Sjefen for desse styrkane sidan 2010 er i 2017 framleis Sergej Viktorovitsj Karakajev.

mini Dei strategiske rakettstyrkane vart oppretta i desember 1959 som den viktigaste sovjetiske styrken som kunne brukast for å angripa ein fiende som sjølv hadde kjernefysiske våpen. Måla kunne vere militære anlegg og kjernefysisk industriell infrastruktur i desse landa. I 2017 otte dei alle russiske kjernefysiske bakkebaserte interkontinentale ballistiske missil (ICBM).

Samansetjing

Militær kommando og kontroll

Avgjerda om å nytte Dei strategiske rakettstyrkane vert teken øvst oppe i den russiske leiinga, og krev presidenten si godkjenning i alle høve. Ei rekkje kommando- og kontrollsystem tenar som støtte til slik avgjerd, som i verste fall må takast med berre sekundar i varslingstid. Påliteleg utveksling av noggrann informasjon mellom alle stabselement, sensorar og kontrollpunkt er viktigare her enn i dei fleste andre kommando- og kontrollsystem. Erfaringar frå artillerikompleks er tekne med i prosessen med å byggja opp systemet, men her er det vitalt med sentralisert kommando. Den sentrale kommandoplassen for Dei strategiske rakettstyrkane er delt inn i desse elementa: Leiing Vakthald Informasjonshandsaming Kontroll av stridsberedskap Koordinering av aktivitet mellom kommandoplassane Analysegrupper Eit halvautomatisk kommando- og kontrollapparat (ASFM) har nemninga «KAZBEK», og her er det fleire berbare terminalar plasserte i små koffertar som vert kalla tsjeget eller «atomkoffert». Desse terminalane finst hjå presidenten, forsvarsministeren og generalstabssjefen og har trådlaust samband til kvarandre og med det sentrale K-3 apparatet. Desse koffertane inneheld koder som kan avsikra utskytingsmekanismene for avfyring av det enkelte missilet. Det skal vere nok med at to av desse tre tsjegetane sender avsikringskoder for at missilane kan skytast ut.http://www.modernarmy.ru/article/460/rvsn © Portal \"Modern army \" Dersom heile den russiske leiinga er sett ut av spel, finst eit system som tek denne avgjerda automatisk.

Handa frå grava (òg kjend som Perimetr) er eit automatisk kommando- og kontrollsystem for kjernefysiske interkontinentale ballistiske missil. Systemet er eit godt døme på «MAD» (engelsk mutually assured destruction), som tyder garantert gjensidig øydelegging eller terrorbalanse. Dette avskrekkingskonseptet tyder at alle er sikre på å verta utsletta dersom nokon av atommaktene skulle freista å slå til med eit massivt angrep først. Systemet kan automatisk skyte ut alle russiske interkontinentale ballistiske missil (ICBM) ved å sende ut naudsynte avfyringskoder til missila dersom sensorar oppdagar mange kjernefysiske eksplosjonar på russisk jord, og kontakt mellom det automatiske systemet og russiske leiinga ikkje kan etablerast.

Dei strategiske rakettstyrkane er vidare delt opp i tre arméar:

27. strategiske rakettarmé 31. strategiske rakettarmé 33. strategiske rakettarmé

Missilarsenal

21. ICBM-missilarsenal i Khrizolitovyj 27. ICBM-missilarsenal i Surovatikha 29. ICBM-missilarsenal i Balezino-3

Situasjonen i oktober 2018 I juni 2017 var det til saman 286 bererakettar med 958 atomstridshovud. I oktober 2018 gjeld same tal. Fordelinga er slik:

Bererakettar Tal Tal strids- hovud på kvar bererakett Til saman Lokalisering SS-18 46 10 460Dombarovskij, Uzjur SS-19 30 0Kvar bererakett kan ha 6 stridshovud, men dei har ikkje atomvåpen 0Tatisjtsjevo SS-25 36 1 36Barnaul SS-27 (i silo) 60 1 60Tatisjtsjevo SS-27 MOB (mobile plattformar) 18 1 18Tejkovo SS-29 (mobile plattformar) 84 4 336Tejkovo, Novosibirsk, Nizjnyj Tagil, Irkutsk, Josjkar-Ola SS-29 (i silo) 12 4 48Kozelsk Totalt 286 958

Situasjonen i november 2017 I november 2017 var det til saman 322 bererakettar med 1174 atomstridshovud. Fordelinga er slik:

Bererakettar Tal Tal strids- hovud på kvar bererakett Til saman Lokalisering SS-18 46 10 460Dombarovskij, Uzjur SS-19 30 6 180Tatisjtsjevo SS-25 72 1 72Barnaul SS-27 (i silo) 60 1 60Tatisjtsjevo SS-27 MOB (mobile plattformar) 18 1 18Tejkovo SS-29 MOB (mobile plattformar) 78 4 312Tejkovo, Novosibirsk, Nizjnyj Tagil, Irkutsk, Josjkar-Ola SS-29 (i silo) 18 4 72Kozelsk Totalt 322 1174

Historisk utvikling Samansetjing og mengd stridshovud innan ICBM: Bererakettar199019971998199920002001200220032004200520062007200820092010201120162017SS-11SEGOS 326 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0SS-13SAVAGE 40 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0SS-17SPANKER 188 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0SS-18SATAN 3 080 1 860 1 800 1 800 1 800 1 660 1 480 1 160 1 080 850 800 760 750 680 590 580 460 460SS-19STILETTO 1 800 1 020 1 008 960 900 900 900 780 780 774 756 738 660 432 420 420 0 180SS-24SCALPEL 560 100 100 100 100 60 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0SS-24VSCALPEL 330 360 360 360 360 360 360 150 150 0 0 0 0 0 0 0 0 0SS-25SICKLE 288 360 360 360 360 360 345 333 315 291 254 243 213 180 174 171 72 72SS-27 siloSTALIN 0 0 0 10 20 24 30 36 36 40 42 44 48 50 49 52 60 60SS-27 MOBSTALIN 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 3 6 15 15 18 18 18SS-29 MOBYARS 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 18292312SS-29 siloYARS 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 72Totalt 6 612 3 700 3 630 3 590 3 540 3 364 3 115 2 429 2 331 1 955 1 852 1 788 1 677 1 357 1 2481 2599021174

Merknadar

Referansar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «De strategiske rakettstyrker» frå , den 28. januar 2017.

Kategori:Det russiske forsvaret Kategori:Ballistiske missil Kategori:Russiske forsvarsgreiner Kategori:Det russiske forsvarsdepartementet