Olga Valerjevna Danilova () er ein russisk tidlegare langrennar frå Bugulma som vart olympisk meister på 15 km i 1998 og i tida 1995-2001 vann fire VM-gull og eitt OL-gull i stafettevlingar med Russland. I alt vann ho 14 medaljar (6-5-3) i ulike ski-VM og under Vinter-OL 1998.

Aktiv Danilova fekk sitt gjennombrot i 1995-sesongen då ho vart nummer fire i verdscupen i langrenn, ein prestasjon ho kopierte i 2000-sesongen. Frå Ski-VM 1995 til Ski-VM 2001 gjekk ho på alle dei russiske laga i stafett, lag som stod for ei ubroten meisterrekke. Høgdepunktet for Danilova kom under Vinter-OL 1998 i Nagano, der ho vann gullmedaljen på 15 km i klassisk stil fem sekundar framom landskvinna Larisa Lazutina. På den følgjande jaktstarten bytta dei to plass på sigerspallen, men på stafetten var samam om å vinne OL-gull nummer to.

Under Ski-VM 1999 i Ramsau sikra Danilova seg sølvmedalje i begge dei to klassisk-tevlingane, slått av høvesvis Bente Martinsen på 5 km og nemnde Lazutina på tremila. To år seinare tok Danilova på ny sølvmedaljane i klassisk-tevlingane då Ski-VM 2001 fann stad i Lahti, og fekk elles ein bronse på 10 jaktstart og sitt fjerde gullmedalje i 4 x 5 km stafett.

Danilova vann i alt fire renn i verdscupen, alle i tida desember 1998 til januar 2002.

Doping Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City vart Danilova kåra til vinnar på jaktstarten, dagen etter ho vart tildelt sølv på 10 km klassisk. Straks etter testa ho positivt i dopingkontroll, og vart utestengd frå leikane. Og i 2004 vart ho frådømd begge medaljane ho var tildelt i Salt Lake City.

Merittar Ski-VM 1995 i Thunder Bay: Gull på 4×5 km stafett, bronsemedalje på 15 jaktstart Ski-VM 1997 i Trondheim: Gull på 4×5 km stafett, bronsemedalje på 5 km Vinter-OL 1998 i Nagano: Gullmedaljar i 15 km klassisk og 4 x 5 km stafett, sølv i 15 km jaktstart Ski-VM 1999 i Ramsau: Gull på 4×5 km stafett, sølvmedaljar på 5 km og 30 km Ski-VM 2001 i Lahti: Gull på 4×5 km stafett, sølvmedaljar på 10 km og 15 km, bronsemedalje på 10 km jaktstart

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Olga Walerjewna Danilowa» frå , den 16. januar 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1993 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1997 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Dopingsaker i langrenn