Stine Ruscetta Skogrand () er ein norsk handballspelar frå Bergen som frå 2018 har spelt på den danske klubben Herning-Ikast. Kant- og rykkromspelaren vart verdsmeister med Noreg i 2015, europameister i 2016, 2020 og 2022, samt olympisk meister 2024. Skogrand deltok perioden 2013-24 i 154 av Noregs landskampar, skåra 293 mål.

Karriere Klubbspel Skogrand spelte i yngre år på Fyllingen IL og deretter TIF Viking. Til sist melde ho seg til teneste for Tertnes IL, det leiande handballaget i Bergen. 2016-18 var ho aktiv i den danske toppserieklubben Silkeborg-Voel. Sidan 2018 gjer ho teneste i danske Herning-Ikast.

Landslagsspel Skogrand fekk sin landslagsdebut den 20. april 2013 mot Sør-Korea. Ho måtte vente til handball-VM 2015 før ho fekk vere med i ei meisterskapsturnering, ein meisterskap som enda med norsk finalesiger og gullmedalje. Ho fekk ikkje plass i troppa til Sommar-OL 2016, men var på plass då Noreg vann europameisterskapen 2016 i Göteborg.

Skogrand vart utteken til så vel EM 2018 som VM 2021, men takka i begge tilfella nei, grunna graviditet.

Merittar landslag VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland

Kjelder

NHF-profil Denne artikkelen bygger på «Stine Skogrand» frå , den 14. januar 2017.

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Bergen