thumb|Fra havnen i Türkmenbaşy Türkmenbaşy (tidlegare kjend som Krasnovodsk, russisk skrift Красноводск) er ein by i Turkmenistan. Byen ligg i Balkan-provinsen vest i landet, ved Kaspihavet.

Historie I 1717 skipa den russiske fyrsten Aleksandar Bekovitsj-Tsjerkasskij ei hemmeleg befesting ved Kaspihavet, ved det tørre elveleiet til det tidlegare utløpet av Amu-Darya. Fram til 1600-talet munna elva ut her, i alle fall så lenge Aralsjøen var vesentleg større. Planen hans var å føra hærstyrkane sine opp det tørre elveleiet og erobra khanatet Khiva. Ekspedisjonen slo feil, og russarane gav opp busetjinga i over 150 år.

Krasnovodsk mini|Jernebanestasjonen i Krasnovodsk, 1902 I 1869 gjekk russiske styrkar inn i området på nytt. Dei kalte fetningen sin her Krasnovodsk (Красноводск), ei russisk omsetjing av det opphavlege namnet på staden, Kyzyl-Su ('raudt vatn'). Krasnovodsk var base for Tsar-Russland sin ekspedisjonar mot Khiva, Bukhara og dei nomadiske turkmenske stammane.

Jernbanen, det vil seia det som no er den transkaspiske jernbanen, hadde opphavleg startpunkt i Uzun-Ada ved Kaspihavet. Dette blei seinare flytta nordover, til hamna ved Krasnovodsk.

Byen blei teken av Den raude armeen i februar 1920.

Türkmenbaşy I 1993 blei byen døypt om til ære for den turkmenske livstidspresidenten Saparmurat Nijazov, som titulerte seg Türkmenbaşy ('leiar for turkmenarane'). Dei fleste innbyggjarane i byen er framleis etniske russarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Türkmenbaşy» frå , den 8. januar 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Turkmenistan Kategori:Skipingar i 1717