Lyshøgtid, lysfest eller lysfestival er ei hending som blir markert med lys i ulike former, som eld, fyrverkeri, levande lys, lampar eller elektrisk lys. Mange av dei finn stad på den mørke tida av året, og kan også vera vinterhøgtider.

Lys i ulike religionar Lyshøgtider er tett knytt til den symbolske tydinga av lys i religionar. Dette har ofte med gjenføding av sjelen og anda å gjera, eller at det gode og lyse overvinn det vonde og mørke.

mini|Divalifeiring med lys. Lys i hinduismen I hinduismen er lys knytt til det guddommelege, til devaene i motsats til dei demoniske asuraene, og til eit opplyst sinn. Lys blir brukt i daglege rituale, og folk ber til lysguden Savitr gjennom Gayatri-mantra om å lysa opp verda og sinna deira for å bli kvitt vankunne og villfaringar.

Den største lyshøgtida i hinduismen er divali, eller dipavali, som også blir feira av djainar og sikhar. Ho står mellom anna for lyset sin siger over mørkret, og blir markert ved å tenna lys om natta. Andre lyshøgtider er kartika purnima, tamilske karthikai dipam og onam i Kerala.

Lys i jødedommen Innan jødedommen blir lyset sett på som noko som ikkje er av verda, men strøymer ut frå den andre sida av røyndommen. Det er eit symbol på det gode, det vene og det positive. Guddommeleg openberring er i seg sjølv ei openberring av lys. Hannuka er den viktigast lyshøgtida i jødedommen.«The Motif of Light» - Rabbi Adin Steinsaltz, The Jerusalem Post, 2011

Lys i kristendommen mini|Luciafeiring i Wien. Bruk av lys i kristendommen handlar ofte om å leva i Guds lys. Kristne høgtider der lys er viktige er jul, advent, påske, kyndelsmesse og luciadagen.

Lys i buddhismen I buddhismen kan lys stå for ulike ting - visdommen som fortrenger mørket av vankuna eller tilstadeverande til det guddommelege i alle menneske. Lysoffer kan oppfattast som å setja andre framfor seg sjølv.

Den burmesiske tazaungdainghøgtida blir feira med lanterner, ofte sende opp med ballongar, til ære for dei gode maktene.Promotion of Buddhist tourism circuits in selected Asian countries. United Nations Publications. 2003. p. 38

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Winter light festival» frå , den 14. desember 2016.