Marianne Gullestad () var ein norsk sosialantropolog kjend for forsking på familie, sosial klasse, postkoloniale tilhøve, livsløps- og fotoforståing.
Marianne Gullestad var fødd i Kristiansand, men voks opp i Bergen. I 1964 tok ho examen artium ved Fana Gymnas før ho vart studen i Oslo og Bergen. Ho fekk graden mag. art. i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen i 1975, og tok doktorgraden ni år seinare. Frå 1998 til ho døydde forska Gullestad ved Institutt for samfunnsforskning under Universitetet i Oslo. Ho verka også ved University of Chicago, Universitetet i Tromsø og Norsk senter for barneforskning i Trondheim.
Gullestad var gift med medisinaren Fred Holsten frå 1967 til 1981. Frå var ho 1988 gift med språkforskaren Jan Terje Faarlund.
Prisar og utmerkingar Eilert Sundts forskningspris for fremragende forskning (1989) ALLFORSKs pris for forskning og formidling (1993) Det Norske Akademis Pris (2007)
I 1997 vart Gullestad vald til medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og i 2007 til medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi.
Verk 1975 – Livet i en gammel bydel. Skriftserie nr. 14, sosialantropologisk institutt. Universitetet i Bergen. (Denne versjonen er den same som avhandlinga til magistergraden). 1979 – Livet i en gammel bydel. Livsmiljø og bykultur på Verftet og en del av Nøstet. Oslo: Aschehoug. (Revidert, popularisert og illustrert versjon av avhandling frå 1975). 1984 – Kitchen-Table Society. A Case Study of the Family Life and Friendships of Young Working-Class Mothers in Urban Norway. Oslo: Universitetsforlaget. (2 opplag). Ny utgåve som ’klassiker’ i 2002. 1985 – Livsstil og likhet: Om nærmiljø i byer. Oslo: Universi-tets-forlaget, 1985. (3 opplag og utgjeving som undervisningskompendium.) 1988 – Med Ottar Brox (red.) På norsk grunn: Hyllest til Fredrik Barth. Oslo: Ad Notam, 1988. (3 opplag) 1989 – Kultur og hverdagsliv: På sporet av det moderne Norge. Oslo: Universitetsforla-get (Det blå bibliotek), 1989. (4 opplag) 1990 – Med Reidar Almås (red.) Livshistorier: Seks bidrag til selvbiografikonkurransen «Skriv ditt liv». Oslo: Universitetsforlaget. 1992 – The Art of Social Relations. Essays on Culture, Thought and Social Action in Modern Norway. Oslo: Universitetsforlaget. Scandinavian Library. 1995 – Med Martine Segalen, (red.) La famille en Europe: Parenté et perpétuation familiale. Paris: Editions La Découverte, Collection "Rercherches". 1996 – Everyday Life Philosophers: Modernity, Morality and Autobiography in Norway. Oslo: Universitetsforlaget. 1996 – Hverdagsfilosofer: Verdier, selvforståelse og samfunnssyn i det moderne Norge. Norsk utgåve av boka Everyday Life Philosophers. Oslo: Universitets-forlaget. (Presentert i bokklubbane Dagens bok og Kunnskap og kultur.) 1996 – Imagined Childhoods: Self and Society in Autobiographical Accounts. Redigert artikkelsamling. Oslo: Universitetsforlaget. 1997 – Med Martine Segalen, (red.) Family and Kinship in Europe. London: Pinter. (Engelsk utgåve av bok som blei gjeven ut på fransk i 1995.) 2002 – Det norske sett med nye øyne. Kritisk analyse av norsk innvandringsdebatt. Oslo: Universitetsforlaget. (Innkjøpt av Norsk kulturråd. 2 opplag.) 2002 – Kitchen-Table Society. (Ny utgivelse som klassiker av bok fra 1984 med ny innleiing av Daniel Miller.) Oslo: Universitetsforlaget. 2006 – Plausible Prejudice: Everyday Practices and Social Images of Nation, Culture and Race. Oslo: Universitetsforlaget, 2006. 2007 – Misjonsbilder. Bidrag til norsk selvforståelse. Bruk av foto og film i tverrkulturell kommunikasjon. Oslo: Universitetsforlaget. (Innkjøpt av Norsk kulturråd.) 2007 – Picturing Pity: Pitfalls and Pleasures in Cross-Cultural Communication. Word and Image in a North Cameroon Mission. Oxford og New York: Berghahn Books, 2007.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marianne Gullestad» frå , den 9. desember 2016.
Kategori:Norske sosialantropologar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi .