Mette Davidsen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bergen. Perioden 1993-99 var ho med å vinne både gull, sølv og bronse i VM, samt gull- og sølvmedalje i EM.
Davidsen var i unge år medlem i Åsane IL. 16 år gammal melde ho seg inn i det norske toppserielaget Tertnes. Kring 1995 fekk ho kontrakt med den austerrikske toppklubben Hypo Niederösterreich og spelte eit par sesongar på den. Deretter kom ho tilbake til Tertnes og var sentral då laget i 2000 nådde finalen EHF-cupen, eit finalespel som enda med eittmålstap mot spanske Mislata.
Davidsen fekk sin landslagsdebut mot Polen 2. februar 1993. I desember same året fekk ho bronsemedalje då Noreg vann bronsefinalen i handball-VM 1993 på heimebane. Frå både handball-EM 1996 og handball-VM 1997 reiste ho heim med sølvmedalje, etter at Noreg i begge finalane hadde fått stryk av dei danske handballkvinnene. Også under EM 1998 i Nederland og VM 1999 på heimebane spelte Noreg seg fram til finalekampen. Begge finalane enda med norsk triumf og gull til Davidsen. Særleg under europameisterskapen i Nederland spelte ho ei viktig rolle som spelesjef (playmaker) i det norske angrepet. Hausten 2000 var ho i si beste form, men ein korsbandskade straks før OL-turneringa i Sydney sette ein stoppar for OL-detaking, og vidare landslagsspel. Davidsen deltok i 148 landskampar og skåra 257 landslagsmål frå sin plass som midtre rykkrom-spelar.
Ho la opp for godt i 2008.
Merittar VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark VM 1997: Sølvmedalje etter 20–33 mot Danmark EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mette Davidsen» frå , den 7. desember 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball