«She's Not You» er ein song frå 1962 spelt inn av Elvis Presley og publisert av Gladys Music, songforlaget til Presley. «She's Not You» nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og 13. plassen på R&B-lista. I Storbritannia gjekk singelen til topps på singellista og låg er i tre veker. Songen vart skriven av Doc Pomus i lag med Leiber og Stoller. Han var også den første songen til å nå førsteplassen på den nye irske singellista (Irish Charts), 5. oktober 1962.

Andre versjonar Chris Isaak spelte songen i 2011 for albumet Beyond the Sun.

Ein tysk versjon vart skriven av Joachim Relin og kalla «Du schaust mich». Denne vart framført av Gerd Böttcher med Werner Müller und sein Orchester i 1962. Joey Galimi skreiv ein fransk tekst til songen kalla «Ce n'est pas toi» som vart framført av Johnny Farago i 1968. Ein dansk versjon vart skriven av Bamse og framført av Bamses venner i 1976 som «Softicemaskinen»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «She's Not You» frå , den 29. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar med tekst av Doc Pomus Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar skrivne av Jerry Leiber og Mike Stoller Kategori:Christer Sjögren-songar Kategori:Chris Isaak-songar