mini|Marilyn Monroe var eit sexsymbol kjend frå Hollywood mini|Elvis Presley, rockestjerne og sexsymbol. Sexsymbol er ein kjend person som er rekna som særs seksuelt tiltrekkande og glamorøs.

Historie

Omgrepet sex symbol oppstod på engelsk på 1950-talet for å forklara populariteten til visse filmstjerner, som Marilyn Monroe og Brigitte Bardot. Liknande kvinnetypar kan førast tilbake til eldre uttrykk som vamp og femme fatale. Men det nye omgrepet kan sjåast i samanheng med endringar i kjønnsroller, seksualitet og andre samfunnsnormer som fann stad i USA og andre stader i etterkrigstida.Pam Cook, «The trouble with sex: Diana Dors and the Blonde bombshell phenomenon». I: Bruce Babinigton (red.), British Stars and Stardom: From Alma Taylor to Sean Connery, pp. 169-171. Sitat: «the sex symbol is usually defined in terms of her excessive sexuality»

I tillegg til ei rad kvinner kan ein også finna mannlege sexsymbol frå heile 1900-talet, som skodespelarane Sessue Hayakawa, Douglas Fairbanks og Rudolph Valentino på 1910- og 1920-talet, Errol Flynn, Gary Cooper og Clark Gable på 1930-talet, Kirk Douglas, Burt Lancaster og Cary Grant på 1940-talet og «rebellar» som Elvis Presley, James Dean og Marlon Brando på 1950- og 1960-talet.

Oppdikta sexsymbol Sexsymbol treng ikkje vera verkelege personar. Teiknefilmfiguren Betty Boop frå 1930-talet er blitt kalla det første og best kjende sexsymbolet frå animasjonsfilmen. I Who Framed Roger Rabbit frå 1988, som inneheld både animerte og verkelege skodespelarar, blir Jessica Rabbit (med røyst av Kathleen Turner) presentert som eit overveldande sexsymbol. I data- og videospel finst òg ein del figurar som er blitt oppfatta som sexsymbol, til dømes Lara Croft.

Sjå òg It-jente

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sex symbol» frå , den 27. november 2016.

Bakgrunnsstoff Donna Leigh-Kile, Sex Symbols, Random House Inc, Aug 28, 1999, ISBN 188331951X

Kategori:Engelske ord og uttrykk Kategori:Kjendiskultur Kategori:Seksualitet Kategori:Symbol