Musaffah er ein industriby sørvest for Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata. Han vert òg kalla Musaffah Sanaiya og er eit av dei viktigaste økonomiske områda i emirata og har status som ein økonomisk spesialsone med fleire fabrikkar og ei hamn.

Historie Mussafah var eit lite industriområde i 1970-åra. I 1980 vart han skildra som «eit virvar av vegar og halvferdige bygningar». Mussafahbrua mellom øya Abu Dhabi og fastlandet er ei bru med seks filer som vart bygd mellom 1976 og 1978. I 1990-åra vart brua restaurert og dette skapte fornya interesse for utvikling i Mussafah som industrisenter. Regjeringa gav insentivar til bedrifter som ønskte å slå seg ned i Mussafah, og gav dei soner der dei slapp å betale toll på importerte varer.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Musaffah» frå , den 9. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Geografi i Abu Dhabi Kategori:Økonomi i Abu Dhabi Kategori:Busetnader i emiratet Abu Dhabi