Michael Everson () er ein av medforfattarane til Unicode-standarden. Han er utdanna lingvist, og arbeider som typograf og lager også teiknsett. Everson er framfor alt kjend for å systematisere og inkludere nye skriftsystem i Unicode, og for arbeidet med å utforme eit vegkart for Unicode.

Av dei skriftsystem han har vore aktivt med å få inn i Unicode er balinesisk, braille, buginesisk, buhid, cherokee-stavingsalfabetet, koptisk, kuneiform, kypriotisk, deseret, etiopisk, gammalitalsik, gammalpersisk, georgisk, glagolitisk, gotisk, hanunóo, kanadisk stavingsalfabet, khmer, lepcha, limbu, lineær B, mongolsk, burmesisk, new tai lue, n'ko, ogham, Ol Chiki, osmanyaalfabetet, fønikisk, runealfabetet, saurashtra, shavisk, sinhala, tagalog, tagbanwa, tai le, thaana, tibetansk, ugaritisk, vai, og yi, i tillegg til mange teikn som høyrer til dei latinske, greske, kyrilliske og arabiske skriftsystema.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Michael Everson» frå , den 20. mars 2006.

Bakgrunnsstoff evertype.com — Nettstaden til Michael Everson

Kategori:USA-amerikanske språkforskarar Kategori:Irske språkforskarar Kategori:Unicode Kategori:Folk frå Philadelphia