Thomas Berthold () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Hanau som vann VM-gull 1990 og VM-sølv 1986 med Vest-Tyskland.

Klubbspel Forsvarsspelaren Berthold, vanlegvis sideback, spelte på Eintracht Frankfurt frå 1982 til -87. Dei neste fire åra var han aktiv i Italia, fyrst to sesongar (1987-89) i Hellas Verona og så like lenge (1989-91) i AS Roma. Han avslutta tida i Roma med å skåre eitt mål i finalane i Coppa Italia, for så å kunne heve pokalen som italiensk cupmeister. Berthold reiste deretter heim til Tyskland og spelte 1991-93 i Bayern München, før det vart sju sesongar i VfB Stuttgart. Høgdepunktet i Stuttgart var cuptriumfen 1997, der laget vann 2-0 over Energie Cottbus. Han avslutta proffkarrieren med å spele nokre kampar for tyrkiske Adanaspor i 2000/01.

Landslagsspel I tida 1985-94 spelte Berthold 62 landskampar for Vest-Tyskland og det samla Tyskland. Han skåra sitt einaste landslagsmål i kamp nummer fem, ein VM-kvalifiseringskamp i Praha der han gav Vest-Tyskland leiinga 1-0 i det 8. minutt over heimelaget Tsjekkoslovakia, kampen enda elles med vesttysk siger 5-1. Under fotball-VM 1986 spelte han samtlege Vest-Tysklands kampar, og var såleis med på finaletapet mot Argentina. Derimot vart han lite nytta i EM i fotball 1988, men var på fast i fyrsteellevaren under fotball-VM 1990 i Italia, der Vest-Tyskland gjekk heilt til topps.

Frå sommaren 1991 var Berthold ute av landslaget til våren 1994. Gjennom resten av året 1994 var han fast på laget, spelte mellom anna alle fem VM-kampane i USA. Ei veke før jul det året tok han i Kaiserslautern på seg den kvite og svarte landslagdrakta for 62. og siste gong, gjestane frå Albania måtte då reise heim med 1-2-tap.

Merittar Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland VM-sølv: 1986 med Vest-Tyskland Italiensk cupmeister: 1991 med AS Roma Tysk cupmeister: 1997 med VfB Stuttgart

Kjelder eu-football

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Eintracht Frankfurt-spelarar Kategori:Stuttgart-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Verona-spelarar Kategori:Roma-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994