Pokémon Go er eit dataspel utvikla og utgjeve av Niantic for iOS, Android og Apple Watch-einingar. Spelet bruker lokaliseringsfunksjonen i mobileininga til å plassere virtuelle figurar, kjend som pokémonar, på ulike stader i den verkelege verda. Spelarane bruker den mobile eininga til å lokalisere, fange, kjempe mot og trene opp pokémonane. Skapningane kjem fram på skjermen på mobileinigna, som om dei skulle vere på den same plassen som spelaren. Spelet lèt spelarane kjøpe ekstra utstyr i spelet mot pengar.
Pokémon Go kom først offisielt ut i Australia, New Zealand og Nord-Amerika 6. juli 2016. Spelet kom offisielt ut i Noreg 16. juli 2016, og var då tilgjengeleg i dei fleste landa i Europa.
Pokémon Go vart etter lanseringa raskt eit globalt fenomen og ein av dei mest lønnsame mobilappane i 2016. Spelet har vorte lasta ned meir enn 500 millionar gonger. Pokémon Go har hausta ros for å fremje fysisk aktivitet og for å vere ein inkluderande sosial arena, men har også vore kontroversielt ved å vere årsak til ulukker og utvikle seg til ei offentleg plage enkelte stader.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Android-spel Kategori:Dataspel frå 2016 Kategori:iOS-spel