Regalos del Sosiego er det andre studioalbumet til den argentinske soloprosjektet Ignacio del Pórtico. Alle songane er komponert av mannen bak soloprosjektet, Ignacio Acevedo. Albumet, som er spelt inn på soverommet til Acevedo, kom ut 21. juli 2015, berre nokre månader etter debutalbumet Maquetas fisura.

Regalos del Sosiego, som på norsk tyder «Gåver frå roa», fekk mykje god omtale etter utgjevinga. Songane vert omtalt som mjuke, drøymande, vakre og poetiske popviser. Musikkbloggaren Rogelio Martinez meinte at albumet er utan tvil éin av dei største lydrevolusjonane i 2015, ikkje berre i Argentina, men heile Sør-Amerika. Musikkanmeldaren David Segundo viser til at albumet er ei solid og imponerande utgjeving, med eit magnetisk lydbilete.

Innhald

Medverkande Ignacio del Pórtico Ignacio Acevedo – vokal, gitarar, bass, keyboard og perkusjon Lisandro Rivas – gitar og slagverk på «Algo mejor»

Produksjon Ignacio Acevedo – produsent Lucas Lichowski – mastering Macarena Ibarra – fotografi og coverdesign Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2015