Samsø kommune er ein kommune som femner øya Samsø og ei rad småøyar i Stavns Fjord mellom Jylland og Sjælland i Danmark. Han høyrer administrativt til i Region Midtjylland.

Kommunen vart skipa i 1962 ved ei samanslåing av fleire kommunar. Samsø høyrde da inn under Holbæk amt og vart ført over til Århus amt ved kommunereforma i 1970. Kommunegrensa vart ikkje endra i samband med kommunereforma i 2007.

Samsø har 3 694 innbyggjarar (2024) og administrasjonssenteret ligg i Tranebjerg.

Borgar­meistrar Marcel Meijer (S) 2014– Jørn C. Nissen (K) 2010–2014 Carsten Bruun (V) 2002–2009 John Sander Petersen (V) 1994–2001 Emil Davidsen (V) 1982–1993 Knud Fransen (V) 1970–1981

Kjelder

Kategori:Kommunar i Region Midtjylland