Jurij Mikhailovitsj Borzakovskij () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Kratovo. Han vart olympisk meister 2004 og europameister 2012 på 800 meter, og vann elles to VM-sølv og like mange VM-bronsar på same distansen i tida 2003-11. Hans personbeste 1.42,79 vart oppnådd i 2008.
Aktiv Borzakovskij vann 800 meter i junior-EM 1999. Vinteren 2000 sigra han på same distansen ved innandørs-EM i Gent. Hausten same året tok han seg til OL-finalen i Sydney, der han vart sjettemann. Fem månader seinare vann han ein suveren siger på yndlingsdistansen ved innandørs-VM i Lisboa på tida 1.44,49. Under friidretts-EM 2002 deltok han ikkje på 800 m, i staden sprang han som ankermann Russland inn til sølv i 4 x 400 meter stafett.
Også ved verdsmeisterskapen 2003 i Paris vann Borzakovskij ein sølvmedalje, fattige tre hundredels sekund bakom vinnaren, Djabir Saïd-Guerni frå Algerie, og seks hundredelar føre bronsemannen Mbulaeni Mulaudzi. Borzakovskij låg lenge bakarst i feltet, før han byrja spurte forbi konkurrentane, men nådde altså ikkje heilt fram før målstreken. Same taktikken nytta han i finalen på 800 meter under Sommar-OL 2004 i Aten. Midtvegs på siste langside auka han tempo og sprang forbi alle og vann gullmedaljen på tida 1.44,45, framom Mulaudzi og førehandsfavoritten Wilson Kipketer.
Under VM 2005 kom Borzakovskij i mål til sølv på 800 meter, den einaste som heldt unna på oppløpet var Rashid Ramzi som representerte Bahrain. To år seinare tok han bronsemedaljen under VM i Osaka, løpet gjekk lenge i lusetempo og alle åtte finalistane passerte målstreken innafor eit halvt sekund. I OL-sesongen 2008 sette han personleg rekord med 1.42,79, men rauk overraskande ut or 800-metertevlinga i Beijing-OL i semifinalen.
I 2009 vann Borzakovskij 800 m ved innandørs-EM i Torino, og han kom på fjerdeplass i friidretts-VM i Berlin. Ved den neste verdsmeisterskapen, i Daegu i 2011, lukkast Borzakovskij å vinne si fjerde VM-medalje på 800 m då han vart nummer tre. Sommaren 2012 vann Borzakovskij gullmedaljen ved EM i Helsinki, men han lukkast ikkje kvalifisere seg til OL-finalen i London.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Nr 6 – 1.45,83 EM 2002 i München: Sølvmedalje i 4 x 400 m stafett (3.02,3) VM 2003 i Paris: Sølvmedalje – 1.44,84, bak Djabir Saïd-Guerni (1.44,81) OL 2004 i Aten: Gullmedalje – 1.44,45, framom Mbulaeni Mulaudzi (1.44,61) VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 1.44,51, bak Rashid Ramzi (1.44,24) VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje – 1.47,39 OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane (nr 15 – 1.46,53) VM 2009 i Berlin: Nr 4 – 1.45,57 VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje – 1.44,49, bakom Abubaker Kaki (1.44,41) EM 2012 i Helsinki: Gullmedalje – 1.48,61, framom Andreas Bube (1.48,69) OL 2012 i London: Utslått i semifinalane (nr 10 – 1.45,09)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Juri Michailowitsch Borsakowski» frå , den 10. september 2016. Denne artikkelen bygger på «Yuriy Borzakovskiy» frå , den 10. september 2016.
World Athletics
Kategori:Russiske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Russland Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012