«The Reincarnation of Benjamin Breeg» er ein song av Iron Maiden frå det 14. studioalbumet deira, A Matter of Life and Death. Songen er det første frå albumet, gjeve ut den 14. august 2006.

CD-singelen kom med B-sida «Hallowed Be Thy Name» frå BBC Radio 1 Legends Session. Den samla lengda til dei to songane gjorde at han ikkje kunne gå inn på den britiske singellista. Singelen vart òg gjeven ut på 10" klår vinyl, med BBC Sessions-versjonar av «The Trooper» og «Run to the Hills» på B-sida.http://www.ironmaiden.com/article.php?section=1&subsection=1&article_type=&article_id=1339

Ein promoversjon av singelen kom ut 14. august 2006, med fullversjonen og ein kortare versjon kalla «forkorta versjon» i USA og «rock club mix» i Storbritannia (begge versjonane er identiske).

Den 17. juli 2006 vart det lasta opp ein musikkvideo av songen på den offisielle nettsida til bandet. Han var først berre tilgjengeleg for betalande medlemmar av nettsida, men vart lekka etter få minutt og sett av mange fans som posta øenkjer til forskjellige diskusjonsforum for Iron Maiden. Videoen syner bandet som spelar songen i studio i lag med bilete og videoklipp frå heile karrieren deira.

Gitarsoloen på «The Reincarnation of Benjamin Breeg» vert spelt av Dave Murray.

Benjamin Breeg På singelomslaget kan ein sjå Eddie (maskoten til bandet) som grev opp grava til Benjamin Breeg. På gravsteinen hans står det «Aici zace un om despre care nu se ştie prea mult». Dette er ein setning på rumensk som tyder «Her ligg ein mann ein ikkje veit mykje om». Identiteten til personen vart heldt skjult av bandmedlemmane. Steve Harris sa i eit intervju på DVD-en som følgde spesialutgåva av CD-en: «Kven er Benjamin Breeg? Nei, det ville ha vore å sladre».

Kort tid før singelen kom ut vart det oppretta ein «biografi» om Benjamin Breeg på ei nettside. Skaparen av nettsida var i følgje nettsida syskenbarnet til Benjamin som no leita etter han då han hadde funne eit gammalt bilete av syskenbarnet i ein boks hos den avdøde bestemora.

Innhald 2-spors CD «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (Dave Murray, Steve Harris) – 7:21 «Hallowed Be Thy Name (Radio 1 'Legends' Session)" (Harris) – 7:13

Promoutgåve

«The Reincarnation of Benjamin Breeg» (Murray, Harris) – 7:21 «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (Rock Club Version) (Murray, Harris) – 5:25

10" klår vinyl «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (Murray, Harris) – 7:21 «The Trooper (Radio 1 'Legends' Session)" (Harris) – 3:56 «Run to the Hills (Radio 1 'Legends' Session)" (Harris) – 3:59

Medverkande Henta frå CD-omslaget: Iron Maiden Bruce Dickinson – vokal Dave Murray – gitar Janick Gers – gitar Adrian Smith – gitar Steve Harris – bassgitar, medprodusent Nicko McBrain – trommer Produksjon Kevin Shirley – produsent, lydteknikar, miksing («The Reincarnation of Benjamin Breeg») Simon Askew – produsent (Radio 1 sessions) Jerry Smith – miksing (Radio 1 sessions) Melvyn Grant – illustrasjon på omslaget Benjamin Breeg – måleri på innsida Peacock – kunstnarisk leiar, design

Lister Liste (2006)PlasseringDen finske singellista1Den franske singellista70Den tyske singellista39Irish Singles Chart18VG-lista i Noreg9Sverigetopplistan1Den sveitisiske singellista74

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Reincarnation of Benjamin Breeg» frå , den 5. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Songar frå 2006 Kategori:Singlar frå 2006 Kategori:Heavy metal-balladar Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:Nummer-ein-singlar i Sverige Kategori:Nummer-ein-singlar i Finland