«I Want It All» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå 1989 på albumet The Miracle. Han vart skriven av gitaristen Brian May (men tilskriven heile Queen) og produsert av David Richards. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet den 2. mai 1989. «I Want It All» nådde tredjeplassen på både UK Singles Charthttp://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/ og den amerikanske Billboard Hot Mainstream Rock Tracks-lista, 50. plassen på Billboard Hot 100-lista og toppen av listene i fleire land i Europa, som Spania.

Songen vart først spelt på konsert den 20. april 1992, tre år etter han kom ut, under The Freddie Mercury Tribute Concert, med dei tre gjenlevande medlemmane av Queen, med Roger Daltrey på solovokal og Tony Iommi på rytmegitar.The Freddie Mercury Tribute Concert: I Want It All Ultimate Queen. Henta 5. juli 2011 Mercury sjølv song aldri songen på konsert, sidan han døydde i november 1991 av AIDS. Songen er hovudsakleg sungen av Mercury, medan May er med på refrenga og mellomspelet.

Det finst minst to versjonar av songen. Den lengste versjonen er på albumet, medan den korte versjonen vart gjeve ut på singel og nytta i musikkvideoen. Denne finst òg på Greatest Hits II. Samanlikna med albumversjonen har videoversjonen ein annan start, utan den akustiske og elektriske gitaren og det korte gitarpartiet i starten av sognen. Han startar i staden med bandet som syng refrenget acappella, som så går over i det første elektriske gitarriffet ttil May. Gitarsoloen er òg annleis.

Bakgrunn Songen var i følgje John Deacon ein av få som var ferdig skriven før dei kom i studio i byrjinga av 1988 for det som skulle bli The Miracle. Tittelen kom frå eit uttrykk som Anita Dobson, seinare den andre kona til Brian May, brukte å sei: «I want it all and I want it now!». «I Want It All» er tung og nyttar tema knytte til opprør og samfunnsuro. Låtskrivaren May hevdar han handlar om å ha ambisjonar og kjempe for å nå måla sine, og på grunn av dette vart songen ein anti-apartheid-song i Sør-Afrika.

Stil og mottaking I ei melding om The Miracle skreiv Allmusic at songen, som tittelsporet «The Miracle», «reflekterer tisltanden i verda seint i 1980-åra» og kallar songen «heavy rock».

Songen var første og einaste gong det vart nytta doble basstrommer i ein Queen-song.

Musikkvideo Musikkvideoen består av bandet som spelar i eit studio med halogenlys. Han vart regissert av David Mallet og filma i Elstree Studios i London i mars 1989. I the Greatest Video Hits 2 skildrar Brian May og Roger Taylor at helsa til Mercury var byrja å bli ganske dårleg under filminga av videoen, og at det var merkverdig at det ikkje var mogeleg å sjå i videoen, sidan Mercury framførte med all den energien han hadde. Videoen var òg første gongen Mercury var å sjå med skjegg, etter at han hadde barbert bort den kjende barten sin tidleg i 1987.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, synthesiser Brian May - solo- og korvokal, elektrisk- og akustisk gitar Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar

I andre media

Songen er nytta i fleire videospel, mellom anna i Madden 12, SingStar Queen, Guitar Hero: Van Halen, Guitar Hero Live og Rock Band 3.

Lister

Vekeslister Liste (1989) Plassering Canada Top Singles (RPM) 34 Italian Singles Chart 4

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Want It All (Queen song)» frå , den 25. juli 2016.

Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: original musikkvideo, Queen + Paul Rogers (live), Queen + Paul Rodgers - 'Hammer To Fall/ I Want It All' (Live In Ukraine), at Freddie Mercury Tribute Concert (med Roger Daltrey) Tekst på den offisielle nettsida til Queen (from Queen Rocks)

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Protestsongar Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Heavy metal-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet