«Is This the World We Created...?» er ein protestsong av det britiske rockebandet Queen, som kom ut på det ellevte studioalbumet deira, The Works i 1984.

Songen vart spelt på alle Queen-konsertane frå 1984 til 1986. Han var ein del av finalen på Live Aid i 1985. Songen er den kortaste, men ein av dei mest kjende på albumet.The Works – Queen | Songs, Reviews, Credits. AllMusic. Henta 2016-03-27.Is This the World We Created...? – Queen | Song Info. AllMusic. Henta 2016-03-27.

Om songen «Is This the World We Created...?» var skriven i München etter at Mercury og May såg ei nyhendesending på TV om fattigdomen i Afrika. Mercury skreiv det meste av teksten, medan May skreiv akkordane og nokre få tekstlinjer.

Songen vart framført som ekstranummer på Live Aid som eit ekstranummer.

Andre versjonar I 1988 spelte den engelske musikalartisten Elaine Paige songen på albumet sitt The Queen Album.Queen Cover Songs. WhoSampled. Henta 2016-03-27.

Medverkande Freddie Mercury – solovokal Brian May – akustisk gitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Is This the World We Created...?» frå , den 22. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Queen-songar Kategori:Protestsongar Kategori:Softrocksongar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack