Tore Ingemar Sjöstrand () var ein svensk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i hinderløp i 1948, og tok EM-bronsen i same øvinga i 1946. Han var fødd i Huddinge og budde i vaksen alder i Växjö.

mini|venstre|Tore Sjöstrand under Sommar-OL 1948

Sjöstrand fekk bronsen på 3000 meter hinder under europameisterskapen i Oslo i 1946. Både i 1947 og 1948 vart han svensk meister i øvinga. Under dei olympiske sommarleikane 1948 i London førte han an då svenskane tok alle medaljane i hinderløpet. Sjöstrand vann på tida 9.04,6, framom Erik Elmsäter og Göte Hagström.

Sjöstrand la bort konkurransekorne etter 1950-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1946 i Oslo: Bronsemedalje – 9.14,0, etter Erik Elmsäter (9.11,0) OL 1948 i London: Gullmedalje – 9.04,6, framom Erik Elmsäter (9.08,2) EM 1950 i Brussel: Nr 8 – 9.25,2

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tore Sjöstrand» frå , den 20. juli 2016. Denne artikkelen bygger på «Thore Sjöstrand» frå , den 20. juli 2016.

World Athletics

Kategori:Svenske hinderløparar Kategori:Svenske langdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948