Dimitri Bascou () er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Schœlcher på Martinique, som har delteke internasjonalt for Frankrike i 110 meter hekk sidan 2006. Han vart europameister i øvinga under EM i friidrett 2016.
Aktiv Bascou vart nummer to på korthekken under Mellomhavsleikane 2009, og fjerdemann i øvinga under friidretts-EM 2010 i Barcelona med ny personleg rekord; 13,41 sekundar. Han forbetra denne til 13,37 i 2011, men sleit med å forbetre seg dei neste sesongane.
Under europameisterskapen 2014 i Zürich kvalifiserte Bascou seg til finalen med sterke 13,33 sekundar i semifinalen, men vart diska i finalen. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 13,16 sekundar då han vann den eine av dei tre semifinalane i friidretts-VM i Beijing. I finalen sprang han eitt hundredels saktare, noko som gav han ein femteplass. Bascou viste sterk form også under friidretts-EM 2016, fyrst vann han ein semifinale på tida 13,20, før han sikra seg gullet etter 13,25 sekundars finaleløp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane – nr 16 (13,49) EM 2010 i Barcelona: Nr 4 – 13,41 VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane – nr 10 (13,62) OL 2012 i London: Utslått i semifinalane – nr 19 (13,55) EM 2014 i Zürich: Nr 7 – diska i finalen VM 2015 i Beijing: Nr 5 – 13,17 EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 13, 25, framom Balázs Baji (13,28) VM 2019 i Doha: Utslått i semifinalane – nr 10 (13,62)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dimitri Bascou» frå , den 12. juli 2016. Denne artikkelen bygger på «Dimitri Bascou» frå , den 12. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
World Athletics
Kategori:Franske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016