Gesa Felicitas Krause () er ein tysk friidrettsutøvar frå Ehringshausen i delstaten Hessen som deltek internasjonalt i hinderløp. Ho vart europameister på 3 000 meter hinder i 2016 og 2018. I tillegg tok ho bronsemedaljen i same øvinga under verdsmeisterskapane 2015 og 2019, og ho sikra seg bronsen i EM 2012 og sølvet i EM 2024. Krause er tysk rekordhaldar i 3000 m hinder med tida 9.03,3, oppnådd i Doha-VM 2019.

Aktiv Krause vann 3000 meter hinder under junior-EM i Tallinn i 2011. Ho fekk delta i VM 2011, der ho vart nummer ni på ny personleg rekord, 9.32,7. Året etter forbetra ho, under Sommar-OL 2012 i London, bestetida si på 3000 m hinder til fyrst 9.24,9 og så 9.23,5 då ho enda på åttandeplassen i leikane. I 2013 vann ho øvinga under U23-EM i finske Tammerfors, og kopierte i Moskva-VM niandeplassen frå verdsmeisterskapen 2011.

Krause heldt fram med å forbetre den personlege rekorden i dei store meisterskapane. I 2015 tok ho med tida 9.19,25 bronsemedaljen i hinderløpet under verdsmeisterskapen i Beijing, eitt hundredels sekund bak sølvvinnaren og 0,14 sekund bak gullvinnaren, Hyvin Jepkemoi frå Kenya. Året etter vann Krause gullmedaljen under friidretts-EM i Amsterdam, med vinnartida 9.18,8 var ho i mål nesten ti sekundar før nummer to i tevlinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2011 i Daegu: Nr 9 – 9.32,7 EM 2012 i Helsinki: Nr 4 – 9.38,2 OL 2012 i London: Nr 8 – 9.23,5 VM 2013 i Moskva: Nr 9 – 9.37,1 VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 9.19,2 EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 9.18,8, framom Luiza Gega (9.28,5) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 - 9.18,4 VM 2017 i London: Nr 9 – 9,23,8 EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 9.19,8, framom Fabienne Schlumpf (9.22,2) VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 9.03,3 OL i 2021 i Tokyo: Nr 5 – 9.14,0 VM 2022 i Eugene: Nr 15 – 9.52,6 EM 2024 i Roma: Sølvmedalje – 9.18,0, bakom Alice Finot (9.16,2) OL 2024 i Paris: Nr 14 – 9.26,9 VM 2025 i Tokyo: Nr 7 – 9.14,2

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gesa Felicitas Krause» frå , den 11. juli 2016. Denne artikkelen bygger på «Gesa Felicitas Krause» frå , den 11. juli 2016.

World Athletics

Kategori:Tyske hinderløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024