Antoine Griezmann () er ein fransk fotballspelar frå Mâcon i Saône-et-Loire-departementet som frå 2014 spela på den spanske klubben Atlético Madrid. I tida 2014-16 har han spelt 33 landskampar for Frankrike og skåra 13 mål.

Griezmann debuterte på spanske Real Sociedad hausten 2009 og var med å spele klubben frå San Sebastian opp i Primera Division i 2010. Sommaren 2014 vart han overført til ein annan spansk klubb, hovudstadslaget Atlético Madrid. Han var med då laget tapte Meisterligaen 2016 mot byrival Real Madrid.

Griezmann fekk sin landslagsdebut 5. mars 2014. Sommaren 2014 var han med i alle Frankrike sine kampar under fotball-VM i Brasil. Under EM i fotball 2014 på fransk heimebane markerte han seg med offensivt angrepspel og skåra seks mål i turneringa.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antoine Griezmann» frå , den 10. juli 2016. eu-football

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Real Sociedad-spelarar Kategori:Atlético Madrid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018