Ole Wilhelm Erichsen () var ein dansk-norsk marineoffiser og norsk statsråd, fødd i København.
Liv og gjerning Erichsen var son til ein lerretshandlar og postførar. Han deltok i napoleonskrigane ved Vlissingen som kadett på eit fransk linjeskip, og vart tildelt St.Helena-medaljen for innsatsen. Frå 1811 var han sekondløytnant i den dansk-norske marinen, frå 1814 divisjonssjef i den norske marinen og stasjonert på Hvaler.
I tida 1816 til -21 var Erichsen skipper i eit fransk reiarlag, gjekk då i fart mellom Bordeaux og Vestindia. År 1826 reiste han til England for å take imot dei to fyrste dampskipa i Noreg, skip han førte heim til Noreg i 1827. Åra 1836-39 arbeidde han med marinesaker hos kongen i Stockholm.
Erichsen var 1833-35 med i ein kommisjon om «plan for marinen» og i ein kommisjon av 1841 om ny vernepliktslov og militær straffelov i Noreg. 1841-44 var han medlem i den fyrste unionskomiteen.
Gjennom åra steig han i gradane, kaptein frå 1836 og sjef for Horten Verft frå 1845 og dermed grunnleggjar av den mekaniske verkstaden til den norske marinen.
Den 16. oktober 1848 vart Erichsen utnemnd til marineminister i Løvenskiold/Vogt-ministeriet, frå 1853 også øvste befalsmann i marinen. Han tok avskjed 31. mars 1856. Sidan budde han på storgarden Sem i Vestfold, der han døydde.
Familie Erichsen var gift to gonger, fyrste gong i Kristiansand i 1815 med Ida Thomine Fougner (1796–1821), andre gong med Abel Marie Isaachsen (1803–1883), dotter av konsul Isaach Isaachsen. I siste ekteskap fekk han mellom anna dottera Hedevig Lund.
Utmerkingar Erichsen var kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden, riddar av 1. klasse av Sverdordenen, riddar av Dannebrogordenen og innehavar av St. Helena-medaljen.
Kjelder
Kategori:Norske marineministrar Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Norske marineoffiserar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Sverdordenen Kategori:Folk frå København