mini|Skrått syn på Humboldt frå Apollo 15. mini|Detaljert Lunar Orbiter 4-bilete av det meste av Humboldt. Humboldt er eit stort krater eller ringfjell på månen som ligg nær austkanten av månen. Sidan det ligg så langt mot kanten av den synlege sida av månen, ser det særs avlangt ut. Den faktiske forma er ein irregulær sirkel, med ein ein stort hakk på søraustkanten, der krateret Barnard trengjer seg inn. I nord-nordvest ligg det store krateret Hecataeus. Phillips ligg like inntil vestkanten. Kanten av Humboldt er låg, nedsliten og ujamn. Den sentrale toppen dannar ei rekkj langs kraterbotnen. Overflata har eit nettverk av riller som dannar spiler og konsentriske bogar. Det finst òg nokre mørke flekkar nær veggane i nordaust, nordvest og søraust. Det er ei rekkje krater som fører frå nordvestkraterkanten til ein avstand nesten like lang som krateret er breitt. Denne formasjonen har fått namnet Catena Humboldt.
Satellittkrater Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Humboldt.
HumboldtBreiddegradLengdegradDiameterB30.9° S83.7° E21 kmN26.0° S80.5° E14 km
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Humboldt (crater)» frå , den 15. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Ringfjell på månen