Wadi Wurayah er eit område mellom byane Masafi, Khor Fakkan og Bidiyah i Dei sameinte arabiske emirata. Det har status som Ramsar-område. Området dekkjer 127 km².

Natur Wadi Wurayah er heimstad til meir enn 100 artar av pattedyr, fuglar, reptil, amfibiar, og meir enn 300 planteartar. Området er kjent for dei vakre fossane i Hajarfjella. Det er eit av få område i verda der den utryddingstruga arabiske tahren framleis går fritt. Ein trur òg det framleis kan vere arabisk leopard her, men denne arten er ikkje blitt sett sidan 1995.

Verneområde Den 16. mars 2009 vart Wadi Wurayah det første verna fjellområdet i dei sameinte arabiske emirata.Wadi Wurayah becomes the UAE's first mountain protected area, Wildlife Extra

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wadi Wurayah» frå , den 6. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fujairah Kategori:Verneområde i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Fossar i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Ramsarstader i Dei sameinte arabiske emirata Wurayah