Dhamar (arabisk ذمار, Ḏamār), òg skrive Thamar, er eit guvernement i Jemen. Det ligg sør og søraust for Sana'a guvernement, nord for Ibb guvernement, aust for Al Hudaydah guvernement og nordvest for Al Bayda' guvernement sentralt i høglandet i Jemen. Det samla arealet er 7 586 km² og folketalet er i overkant av 1,5 millionar innbyggjarar.

Det administrative senteret i regionen er Dhamar, som ligg kring 100 km from Sana’a, hovudstaden i ladet.

Geografi Guvenementet ligg generelt 1600 til 3200 moh, med høge fjell og djupe dalar, høgsletter og platå.

Klimaet i guvernementet er temperert, men dei sentrale og austlege delane har stundom kalde vintrar, medan dalane og dei vestlege områda er varmare. Middeltemperaturen varierer frå 10 til 19 °C om sommaren, og frå 8 til -1 °C om vinteren.

Distrikt Al Hada-distriktet Al Manar-distriktet Anss-distriktet Dawran Aness-distriktet Dhamar City-distriktet Jabal Ash sharq-distriktet Jahran-distriktet Maghirib Ans-distriktet Mayfa'at Anss-distriktet Utmah-distriktet Wusab Al Ali-distriktet Wusab As Safil-distriktet

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dhamar Governorate» frå , den 29. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:guvernement i Jemen