Kufstein er ein bykommune i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 39,4 km² med 18 700 ibuarar i 2016. Byen Kufstein, som er hovudstad i distriktet Kufstein, ligg 504 meter over havet i Tiroler Unterland og Unterinntal og er den mest folkerike byen i forbundslandet etter Innsbruck. I nordvest har Kufstein kommune ei kort grense til delstaten Bayern i Tyskland.

mini|venstre|Kufstein

Byen har namn etter festninga Kufstein, kjend frå 1205. Festninga, som dominerer bybiletet, ligg ved i inngangen til Inndalen og har gjennom hundreåra spelt ei viktig strategisk rolle.

Glasprodusenten Riedel, våpenfabrikken Voere og sportsutstyrprodusenten Kneissl held alle til i Kufstein.

Skirennaren Christian Pravda var frå Kufstein.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kufstein» frå , den 14. mai 2016.

Kategori:Byar i Tirol Kategori:Kommunar i Tirol