Aasbjørn Slettemark () var ein norsk lærar og forfattar.

Slettemark var frå Naustdal kommune. Han gjekk på Sunnfjord ungdomsskule 1906-1907, tok artium ved Hauges Minde i Oslo 1911 og tok til å studera filologi i 1912. Men han vart sjuk, han lei av pleuritt, og måtte gje opp studiet. I staden tok han ein tilleggsprøve ved Elverum lærerskole, slik at han kunne undervise. Han arbeidde som lærar ved folkehøgskulane i Vefsn og i Gudbrandsdalen.

Slettemark skreiv mellom anna dikt og noveller, trykt i Norsk Barneblad og Unglyden. Men lungesjukdommen førte til hol på ei blodåre i lunga, og han døydde heime i Naustdal, berre vel 27 år gamal.

Noko av det han skreiv vart samla av Julius Gjermundstad og gjeve ut i bokform i 1931. Han var også ein habil kunstmålar og felespelar.

Aasbjørn Slettemark var onkel til den seinare så kjende kunstnaren Kjartan Slettemark.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990 Om Aasbjørn Slettemark i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Gravminner i Norge

Bakgrunnsstoff Om Aasbjørn Slettemark i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Forfattarar frå Naustdal Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske novelleforfattarar