Cy Curnin () er ein engelsk songar og låtskrivar. Han var frontmann og songar i new wave-gruppa The Fixx. Som låtskrivar har han vore medlåtskrivar på eit dusin songar som har hamna på Billboard-lista i USA. Han har òg arbeidd som soloartist og gjeve ut fire album, Mayfly i 2005, The Returning Sun i 2007, Solar Minimum i 2009 og The Horse's Mouth i 2013. Han gav òg ut ein EP med ambient-musikk utan vokal, kalla Cinema for the Blind i 2012.
Han var med i Tina Turner-videoen «Better Be Good to Me» i lag med Fixx-gitaristen Jamie West-Oram. Dei spelte begge på albumet Private Dancer.
I tillegg til å synge, har Curnin spelt piano eller gitar på forskjellige Fixx-album.
Stundom har han spelt i lag med den engelske musikaren Nick Harper. I nyare tid har han stundom spelt med Midge Ure i Europa.
Solodiskografi 2005 - Mayfly 2007 - The Returning Sun 2009 - Solar Minimum 2012 - Cinema for the Blind - EP 2013 - The Horse's Mouth
Bakgrunnsstoff Cy Curnin - News and Music (Official Website, expired) Cy Curnin Radio Interview Love Hope Strength Foundation
Kategori:Folk frå Wimbledon Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske new wave-musikarar Kategori:Engelske rockeklaverspelarar Kategori:The Fixx-medlemmar Kategori:Engelske rockesongarar