mini|Oslo katedralskole, fasaden mot gatene, med Ullevålsveien i framgrunnen og oppover mot høgre, fotografert i 1902. Utsjånaden er hovudsakleg den same i dag.
Oslo katedralskole er ein vidaregåande skole i Oslo med røter tilbake til mellomalderen og den opplæringa som kyrkja stod for. Skolen er i dag ei privat stifting (Stiftelsen Oslo katedralskole) som sjølv eig bygningen og det eineståande biblioteket, som er det eldste i Noreg. Sjølve skoledrifta er likevel kommunal (fylkeskommunal), til liks med andre offentlege vidaregåande skolar.
Katedralskolen er kjend som «Katta» på folkemunne.
Historie Skolen blei grunnlagt i år 1153 av den paveutsende kardinalen Nicolaus Breakspeare (seinare pave Hadrian IV). I reformasjonsårhundret var skolen sentrum for den såkalla austlandshumanismen, leia av menn som biskop Jens Nielssøn og lector theol. Hallvard Gunnarsøn.
På 1600-talet blei oppretta eit gymnasium i samband med skolen, som kunne ha vore det første tilløpet til eit norsk universitet, men pengevanskar førte til at det blei nedlagd etter kort tid.
Kjende tidlegare elevar Niels Henrik Abel (1802–1829) Henrik Anker Bjerregaard (1792–1842) Mauritz Hansen (1794–1842) Kong Harald V (1937–) Veronica Orderud (1972–) Conrad Nicolai Schwach (1793–1860) Jens Stoltenberg (1959–) Arne Treholt (1942–2023) Henrik Wergeland (1808–1845) Johan Herman Wessel (1742–1785)
Bakgrunnsstoff
Kattateateret
Kategori:Vidaregåande skular i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo