Sigurd Lersbryggen () var ein norsk politikar frå Strømm i Vestfold som representerte partiet Høgre på Stortinget i tida 1945-57.
Lersbryggen tok eksamen ved Vestfold landbruksskule i 1922 og tok over farsgarden i 1928. Han var med i Strømm heradsstyre frå 1931, ordførar 1934-40 og 1945. Også fireårsperioden 1956-59 var han medlem i heradsstyret.
I 1945 vart Lersbryggen vald inn på Stortinget frå Vestfold og Høgre, der han vart sitjande til 1957. I dei to fyrste valperiodane var han medlem av Samferdslekomiteen, i den siste perioden var han nestformann i Skog-, vassdrag og industrikomiteen.
Lersbryggen var med i styringa av fleire lokale tiltak og organisasjonar. Han var formann i Vestfold skogselskap 1941-46 og styremedlem i Svelvik og Strømm Sparebank, i Vestfold landbruksselskap i Konservesfabrikken i Lier og i Vestfold frukt- og korndyrkerlag.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Ordførarar i Strømm Kategori:Høgreordførarar i Vestfold Kategori:Folk frå Svelvik