Harald Johan Løbak () var ein norsk småbrukar, kontorist og politikar frå Trysil. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i 28 år og landbruksminister 1956-60.

Liv og gjerning Løbak arbeidde i jord- og skogbruk frå 1926 til han i 1936 vart tilsett på kontoret til Trysil kommune. Han var medlem av Trysil heradsstyre frå 1928 til 1955, ordførar 1938-40 og 1945-55. Frå 1940 var han formannskapssekretær i Trysil og i 1941 leiar av forsynsyningsnemnda i heradet. I 1943 flykta han til Sverige, der han fekk arbeid på pressekontoret yil den norske legasjonen i Stockholm. Frå 1944 gjekk han inn i dei norske polititroppane i Sverige.

Løbak vart vald inn på Stortinget hausten 1945 som representant frå Hedmark og Arbeidarpartiet. Han vart attvald seks gongar og hadde såleis sete på Stortinget til 1. oktober 1973. I tida frå 14. mai 1956 til 23. april 1960 var han statsråd i Landbruksdepartementet.

På Stortinget var Løbak medlem 1945-56 av Sosialkomiteen, som sekretær 1950-53 og nestformann 1954-56. 1960-61 var han med i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Frå hausten 1961 var han med i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, berre kalla Industrikomiteen frå haustsesjonen 1967, til dess han forlet Stortinget i 1973. Elles var han medlem i Valkomiteen 1945-56 og 1961-73, samt Fullmaktskomiteen 1950-56. Han var ei tid formann i Stortinget si fråhaldsgruppe.

Kjelder Norsk Allkunnebok. 1957. Stortingsbiografi

Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen III Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ap-ordførarar i Hedmark Kategori:Ordførarar i Trysil Kategori:Tillitsvalde i AUF Kategori:Folk frå Trysil